NRK, elektrisitetens historie og naturkreftene

Av Per Engene

Vi bringer her et kort oppslag fra Per Engene som var Klimarealistenes stifter og første leder. NRK Ytring v/Espen A. Eik har nektet å bruke oppslaget uten noen begrunnelse og til tross for at institusjonen han er ansatt i har en formålsparagraf som vektlegger allsidighet og saklighet.

NRK har denne omtala av det gode programmet Elektrisitetens historie: «Br. vitskapsserie i tre delar. Elektrisiteten er ei fantastisk oppfinning. Dette er historia om kva som skjedde frå dei aller første forsøka på å forstå elektrisitet, og fram til han endeleg blei tatt i bruk.»

NRK meiner at elektrisitet er ei oppfinning! NRK meiner visst at lynet kom inn i naturen då nokon menneske «fann opp» elektrisiteten? Kva med Tor med hamaren?
Det var sjølvsagt ikkje nødvendig å «finne opp» elektrisitet, som alltid har vore til stades i naturen. I beste fall kan det hende at NRK har eit språkproblem, når dei ikkje greier å skilja mellom å «finne opp» og å «oppdaga». Men det tyder kanskje like mykje på at dei som arbeider i NRK ikkje har den nødvendige naturvitskaplege kunnskapen. Det er i så fall alvorleg. Men det er ikkje merkeleg, for det gjeld dei fleste område i dag. Ikkje minst gjeld det skulen der mangelen på flinke lærarar i naturfag er katastrofal.

Programmet Elektrisitetens historie handlar om at mange kjende menn litt etter litt oppdaga korleis elektrisitet verka og kunne utnyttast. På same måte har naturvitskapen brukt mange hundre år på å oppdaga naturlovene og korleis naturkreftene verkar. I meir enn hundre år har det vorte arbeidd mykje med å finne ut korleis naturkreftene styrer veret, ikkje minst her i landet. Det har etter kvart ført til betre og meir pålitelege vermeldingar. Naturvitskapen har med andre ord funne ut at det er naturkreftene som styrer veret, og slett ikkje menneska. Utslepp av livsgassen CO2 har ikkje den minste verknad på verken temperatur eller klima. Her er det mange i NRK som har mykje å lære!

2 thoughts on “NRK, elektrisitetens historie og naturkreftene

  1. Hvor mye kan i stole på faktasjekkingen til NRK når de ikke engang får dette til? 😀

    Jeg har fulgt klimadebatten siden 2006 omtrent daglig, men ikke OPPDAGET denne bloggen før nå. Det er en glede å lese fornuftige analyse på morsmålet. Stå på!

Legg inn en kommentar