Sikring av elvane mot flaum

Av Per Engene

Dette innlegget ble opprinnelig skrevet for befolkningen på vestlandet som ble hardt rammet av flom nå sist i oktober, men BT som ledende regionavis er som vanlig allergisk mot klimafakta. Det burde være av offentlig interesse at staten ikke vedlikeholder vannløpet i elvene våre og at dette er det som fører til økte ødeleggelser.

Regjeringa og Stortinget gjer lite for å hindre skadeflaum. Derfor har ein fått tre store flaumar på fire år i Gudbrandsdalen, og dei store flaumane siste veka i oktober i Odda, på Voss, i Flåm og i Lærdal. Det verkar som politikarane stoler for mykje på sin eigen “klimapolitikk”? Dei TRUR visst at dersom me reduserer UTSLEPPA av CO2, så blir det slutt på klimaendringane!

Dei gløymer å ta med i vurderinga at landet vårt ligg i syklonbeltet som følgjer Golfstraumen med milde fuktige sørvestlege vindar inn mot kysten vår frå Jæren til Finnmark. Når den fuktige lufta blir pressa opp av fjella og blir avkjølt, blir resultatet store mengder med nedbør. Den kraftige nedbøren kjem ofte om hausten etter at alle dammane er fulle, og då skjer det som hende i oktober i år.

Førearbeidet var ikkje gjort, elvane var ikkje drenerte eller mudra, og hus og vegar var bygde inn i elva utan nokon sikring. I Gudbrandsdalen er elverenna gjennom mange år fylt opp med eit lag på tre meter med kvabb, sand og grus, og då må det berre gå gale. I staden for å sikre elveløpet har vegvesenet bygd vegen ut i elva somme stader. I Odda var det bygt ei rad med hus ut i elva utan at elva vart drenert og mudra tilsvarande.

I eit oppslag i BT kom det fram at i Flåm forsømte både regjering og storting å byggje det planlagde kraftverket i 2009 som kunne ha tatt bort ein tredel av vatnet og hindra skadeflaumen. Elva var heller ikkje her retta opp, drenert og mudra. Det er Staten ved NVE som har ansvaret for å halde elvane i stand. Men når regjering og storting forsømmer vedlikehaldet, må dei også gje erstatning over statsbudsjettet for slike flaumskadar. Naturskadefondet skal ikkje erstatte økonomiske skadar som politikarane har ansvaret for. Her gjeld det same prinsippet for regjering og storting som for andre.

Staten må også ta ansvaret for den store frustrasjonen som menneska blir utsette for når ein flaum tek hus og heim, vegar og jorde. Somme blir sjokkskada for livet. Det er nødvendig med eit kontinuerleg førebyggjande arbeid for å halde elvane våre i ein driftssikker stand.

Eg har lært at våre politikarar ikkje vil ta naturfaglege fakta som naturlovene til etterretning, jf. at UTSLEPP av CO2 aldri kan påverke temperatur eller klima. Klimaet har alltid vore styrt av naturen og derfor er det upåverkeleg for menneske. Alt anna er innbilling.

Likevel ser ein at Noreg løyver svært store summar til klimafond for andre land saman med løyvingar til symbolpolitikk i vårt land. Kvifor satse alt på ein “klimapolitikk”? Ein politikk som meir enn 60 % av folket er usamde i, og som det ikkje er garanti for å ha nokon verknad? I staden for å fjerne kvikksølvbomba på 65 tonn i ubåten utanfor Fedje? Kvifor ikkje også bruke nødvendige midlar til å sikre elveløpa våre som det er peikt på her? Det VEIT me garantert kjem til å ha god verknad.

Tyskland har brent seg skikkeleg på utbygging av vindkraft fordi det blir altfor dyrt. Dei store selskapa som Siemens m.fl. har trekt seg ut av Energiewende og flytter etter kvart produksjonen sin ut av landet, fordi energien blir for dyr.

cartoon_-_GW_Causes_StuffSomme norske politikarar hevdar at det skal vera dyrt å byggje ut vindkraft, for DET SKAL SVI GODT Å BERGE KLIMAET. Det er kanskje derfor at Staten ikkje byggjer ut jordvarme i stor stil til ein pris på line med vasskraft eller billigare? Jordvarme finst over alt der energien trengst og kan byggjast ut utan forureining eller skjemmande kraftliner. Norsk geologisk Institutt, NGI, kan hjelpe, og Statoil har kompetanse på å bore ned til kokande vatn på 4000 meters djup. Då kan me samanlikne med dei varme kjeldene på Island. Der produserer dei elektrisk straum med dampturbinar. På den måten kan ein spara utbygging av skjemmande vindturbinar med ustabil kraftproduksjon, og i staden få stabil kraft frå jordvarme, ein vinn-vinn situasjon. Jordvarmekraftverket på Gardermoen var så effektivt at investeringane var nedbetalte på to år!

Legg inn en kommentar