Er klimaendringane menneskeskapte eller naturlege?

Av Per Engene

FN’s klimapanel påstår at det er sannsynleg at 50% av klimaendringane etter 1950 er menneskeskapte, dvs. at UTSLEPP av CO2 er ei av årsakene til klimaendringane. Temperaturen gjekk ned med 0,3 grader C frå 1940-76 trass i at utsleppa av CO2 auka svært mykje i den tida. Ein må stille spørsmålet om den sterke nedgangen i temperatur etter 1950 også var menneskeskapt? Og kva var i så fall årsaka? Det er inkonsekvent at den sterke auken i utslepp av CO2 skulle føre til ein nedgang i temperaturen på 0,3 grader C frå 1940-76, men til ei stigning i temperaturen på 0,3 grader C frå 1976-98!

Det er ingen tvil om at det finst spor av menneskeskapte klimaendringar på jorda. Store byar har eit klima som kan vera 5-6 grader varmare enn området straks utanfor pga. bruk av mykje energi til oppvarming, næringsdrift, biltrafikk og luftavkjøling om sommaren – og store asfalterte område som verkar som solceller, den såkalla urbaneffekten. Småbyar med 4-6000 menneske er i snitt 2,5 grader varmare enn landskapet like utanfor. Men her i tettstadene ligg målestasjonane for klimaet, og derfor kan meteorologane påvise at temperaturen har gått opp i byane dei siste hundre åra etter kvart som folketalet og verksemda i byane har auka (Silen 2008).

Byane fungerer som varmeøyar der klimaet er menneskeskapt. Det er det faktiske forholdet som blir godkjent av alle. Urbaneffekten gjeld berre i byane og har ingen effekt i landskapet like utanfor ein gong. Så når det gjeld klimaet på jorda, orkanane i Mexicogolfen, syklonane i Stillehavet eller langs med Golfstraumen, så har urbaneffekten ingen påviseleg effekt. Det går an å vera samd med IPCC i at urbaneffekten har ein verknad. Det må han ha, men han er så liten at han er verken merkbar eller let seg måle utanfor dei varmeøyane som byane lagar.

Aksjon mot atomkraft gav i 1975 ut ei handbok om «Atomkraft og energi» med 3. opplag i 1978 med mykje villeiande propaganda. I studiehefte 3 på side 3-4 står det «Den beskjedne mengden CO2 (på 0,03% av atmosfæren) hever altså temperaturen på jorda med 33o C». Det er den eldste feilaktige påstanden eg har sett, der CO2 står aleine for den såkalla drivhuseffekten. Her manglar omtale av den varmeleiinga frå jorda direkte til lufta som er større enn all absorpsjon av varmestrålar frå jorda, og fordamping av vatn som står for 65% av varmeoverføringa frå jorda til atmosfæren. Likevel er det berre få år sidan at Miljødepartementet sende Siri Kalvig omkring på lærarskulane med den same vranglæra.

Det er alltid CO2 det er tale om. Så kva seier naturlovene? Likninga for Lambert-Beers lov viser at alle varmestrålar i det smale CO2-spekteret er absorberte på under 20 m, 67% er faktisk absorberte på 1,25 m, og energien/varmen er overført til lufta som blir lettare og stig til vers. Det er ikkje att nokon varmestrålar i CO2-spekteret, og derfor har ikkje UTSLEPP av CO2 nokon effekt: Klimasensiviteten til CO2 er null. Richard Lindzen har rett i at det er ingen grunn til å vera uroleg for utslepp av CO2, tvert imot. Det beste som kunne skje med jorda, var ei oppvarming.

Det blir også gløymt at CO2 er det einaste næringsstoffet i fotosyntesen, grunnlaget for livet på jorda. Og lufta i vår mellomistid er så sveltefora på CO2 at gartnaren må pøse på med det firedobbelte med CO2 i veksthusa for å få brukbare avlingar! Og likevel er det dei som innbiller oss at CO2 er ei forureining som må fjernast frå atmosfæren. Kor lenge skal det gå før media og politikarar tek fakta til etterretning?

Legg inn en kommentar