Gro og drivhuseffekten

Gjesteinnlegg av Magne Dvergsdal

Av dei siste 10 000 år har vi kanskje i 8 000 år hatt eit varmare klima enn i dag. Likevel er det ei oppfatning blant politikarar at ei stigning av temperaturen på 2 grader vi føre til klimakatastrofe. For 6 000 år sidan vaks det alm opp mot Jostedalsbreen. Det indikerar at det på den tid var minst 4 grader varmare enn i dag utan «klimautslepp». Det er lite som tyder på at dette var eit dårlegare klima enn det vi har i dag. Vi kan også merke oss at på den tid var det ikkje ørken i Sahara. Kanskje er det på tide med nytenking omkring klima før vi set i gang med klimatiltak som ikkje verkar.

Det finst ingen bevis for at CO2 har negativ verknad på klimaet. Då det på slutten av 80-talet vart sett fram påstand om at drivhus-effekten var årsak til den temperaturstigninga vi då observerte, hadde politikarane ingen peiling på kva drivhuseffekten var for noko.

Verdenskommisjonen for miljø og utvikling skreiv: «Drivhuseffekten er en slik trussel mot de systemene som opprettholder livet på Jorden. Den skyldes økt ressursbruk. Forbrenning av fossilt brensel og nedhogging og brenning av skoger frigjør karbondioksid (CO2). Opphoping av CO2 og visse andre gasser i atmosfæren fanger opp stråling fra solen og forårsaker global oppvarming».

Gro_Harlem_Brundtland_(cropped)Det må vere ei skam for Gro Harlem Brundtland (foto fra Wikipedia, red.anm.) å ha skrive slikt vrøvl. Men like fullt er dette grunnlaget for dagens klimapolitikk og det har aldri vorte kommentert i norske media at Gro ikkje hadde peiling på kva drivhuseffekten var for noko. Klimaforliket på Stortinget tyder på at dagens politikarar har like lite peiling på klima slik som Gro hadde. Det er å merke seg at vi har hatt drivhuseffekt lenge før det kom menneske på Jorda. Drivhuseffekten er ingen trussel mot livet på Jorda, men ein føresetnad for at det er liv her. Den kjem heller ikkje av auka brenning av fossilt brensel. Drivhuseffekten kjem heller ikkje av at sola varmar opp gassar i atmosfæren, men av at vassdamp og skyer (og litt frå CO2), fangar opp varmestråling frå Jorda som elles ville gå ut att i verdsrommet og føre til avkjøling og garantert evigvarande istid. No må politikarane lære litt om klima før dei set i gang fleire dyre klimatiltak som ikkje verkar!

6 thoughts on “Gro og drivhuseffekten

  1. Jon-Anders Grannes
    12. juli 2016 at 19:41

    Sitat: «Marxisme skal redde miljøet på kloden og stoppe klimaendringer»? Hvem tror på dette?
    Dette må forklares nærmere, Grannes. Marxisme har da ikke noe med klimaet å gjøre??

  2. Marxisme skal redde miljøet på kloden og stoppe klimaendringer? Hvem tror på dette?

      • Gro var også ekspert på sur nedbør. Da en eldre professor mente at forsuringen av våre vassdrag kunne ha sammenheng med endret kulturlandskap pga. for eksempel nedlagt seterdrift ble han offentlig utskjelt av landsmoderen og anklaget for en köpernikade.

Legg inn en kommentar